woman Ingebjørg Persdatter Øyarhamn‏‎ #4902‎, datter av Per Sjurson Øyerhavn og Gudrun Andersdatter‏.
Født ‎1640, døde ‎1731 i Hordaland‎, 90 eller 91 år

Gift ‎1659 (gift 56 eller 57 år) til:

man Lars Nilsson Nes‏‎ #4901‎, sønn av Nils Brynjulvson Nes og Astrid‏.
Født ‎1638, døde ‎1716 i Hordaland‎, 77 eller 78 år
Med desse to kom ei grein av Losnaætti til Granvin, og fekk talrike etterkomarar i Indre Hardanger og Voss. Lars var leiglending på Nernes, grannegarden til Nes, 1660-1663. Men i 1664 er eigaren, Gullbrand Knutson Bondhus komen attende. I prestemanntalet 1664 er Lars Nes ikkje å finna på Ø. Spildo, nemnde her er berre Elling og Nils med sonen Anbjørn 12 år. Derimot er Lars, med sonen Per 4 år, komen med i manntalet som kapellan Nils Grønning tok opp i 1666. Lars tok over den delen i Ø.Spildo som faren åtte, men vart eigar av alt, og kjøpte i 1690 ein del av N.Spildo, som sonen Per fekk. - Fyrste gong ein møter Lars på Spildo er i ei tingsak 20/10 1666. Byrre Mikkelson Klyve 10 a (fødselsåret på Klyve er truleg feil) er stemna for ikkje å ha møtt, trass i "seneste skrivelse", på "Frambnes" (militærtjeneste?). "Hertil at svare mødte Lars Spilden på drengen sin vegne."
Lars bygde seg bordsag og kjøpte tømmer frå ymse gardar på Voss. Forutan å driva leigeskur for folk, skjer han ikkje lite bord for sal. Største avtakaren er gjestgjevaren på Eide, Mads Rasmusson, som må ha drive handel på Bergen med trelast. Året 1673 har Lars levert heile 3500 bord til gjestgjevaren. "1674 fick Ieg Aff Mass en kiel i betalling for 6 Rdl. som Jørgen Spilde haffuer til leye." - 1.juni same år kjøper Mass 2000 bord, og "Sante Ollaui (olsok) Anamet Mass Aff Sagen 1500 bord". I 1675 hadde Lars mykje leigeskur og Mass fær berre 1900 bord frå sagi det året. - Mads Rasmusson hadde eige sagbruk på Seim og dette sel han i 1676 til Lars for 40 riksdaler. Og frå no av er Mass burte som bordkjøpar frå rekneskapsboki til Lars. (Mass d. 1678.) Lars hadde ser segl for "Øvre Spilden saug". Sagi stod til omlag 1715 då ho vart nedbroti av flaum og ikkje bygd oppatt. Rekneskapsbøkene til Lars er teke vare på, og er i dag å finna hjå eigaren av bnr. 2, Ø.Spildo, som har ei stor samling gamle papir. Namnet til Lars er å finna på feil sida i tingbøkene. I 1674 skuldar han 6 1/2 rd. i skatt, og 1 rd. i "Saugmesterskatt". På vårtinget 17/3 1681 er Lars meld for "overfald og overvold" mot premierløytnant Casper Sprechelsen i hans hus 22/2 samme år. Han krev Lars "tilbørligen straffet". Det kom til forlik. Lars var velstandsmann. Ei tid åtte han mange gardar. Det ser ut som han lånte ut pengar der han kunne få jord att. Sjølv seier han det slik: "at kiøbe sin jord med". Buet etter Lars er oppgjort med 913 rd. netto. (Sonelodd omlag 202 rd., dotterlodd det halve.) Jordeigedomane hans då er heile Øvre Spildo og ein del av N.Spildo, noko av Norheim i Kvam, N.Fenne og Kinne på Voss. I buet er millom mykje anna eit "sølvbeslagent horn" (Velkenhornet) og ei staseleg brurekruna. I skiftet er det 7 born som arvar: Nils, Per, Magdeli (Madli), Marita, Kristi d.e., Guro, Kristi d.y. Ingebjørg krev ikkje noko av buet, berre det mest turvande til livs opphald i naturalia. Lars var lagrettemann i mange år.

Barn:

1.
woman Marta Larsdatter‏‎ #4904‎
Født ‎1662 i Hordaland‎
Døde ung.
2.
man Knut Larsson‏‎ #4905
Født ‎1663 i Hordaland, døde ‎1693 i Hordaland‎, 29 eller 30 år
3.
woman Madli Larsdatter‏‎ #4906
Født ‎1664 i Hordaland, døde ‎1744‎, 79 eller 80 år
4.
woman Kristi Larsdatter‏‎ #4907‎
Født ‎1670 i Hordaland‎
5.
woman Kristi Larsdatter‏‎ #4908
Født ‎1671 i Hordaland‎
6.
woman Kristi Larsdatter‏‎ #4909
Født ‎1672 i Hordaland, døde ‎1733‎, 60 eller 61 år
7.
man Nils Larsson‏‎ #4893
Født ‎1675 i Hordaland, døde ‎1742 i Hordaland‎, 66 eller 67 år
Nils fekk skøyte av faren i 1708, og arveskøyte 1717. Då Sigvor døde var bruttomedelen 903 rd. Nils fekk utlagd sagi på Møen for 7 rd. Nils var lagrettemann 1702 og 1704 og i mange år seinare.
"15/5 1671, holdtes ting på Nedre Spilden udi Grauen Sogn, anlangende den opseete Sag, imellom Clauss Hendrichsen på Voss och en dell aff Almuen her i Grauen sogn om noget Saugtømmer som schall veere hugen udi forne Claussis: Eyende, och forvaltende schouger paa Voss ---." Lagrettemenn var: Lars Quandall, Siffuer Hammer (Sjur Hamre), Peder Kjerland og Lars Spilden.
På vårtinget 1/5 1725 vart det spurt om dei ymse sagbruk i Granvin. "Laugrette og almuen svarer at det for 14 år siden var en sag, kaldtes Øvre Spilden Saug, de svarte at efter soldaterne gik ut, som er over ti til femten år siden ble samme Sag forfalden, nedslåt og ganske bortreven, er og ikke til nogen Nøtte at kunne opbyges saasom der er ingen Tømmer at faa til at skiære paa den. Ei heller fra Wosseskougen, og stod den paa Liuse Closters grund."
8.
woman Guro Larsdatter‏‎ #4910
Født ‎1676 i Hordaland, døde ‎1762‎, 85 eller 86 år
9.
woman Gydrid Larsdatter‏‎ #4911‎
Født ‎1679 i Hordaland‎
10.
man Per Larsson Spildo‏‎ #4912
Født ‎1680 i Hordaland, døde ‎1744 i Hordaland‎, 63 eller 64 år
(Etter manntalet 1701 er Per f. 1677, men etter kyrkjeboka 1680. Fødselsåret til sume av dei andre borni kan vera feil.) Sjå O. Olafsen: Erdalsslekten s. 18.
Per tok over den delen i N.Spildo som faren åtte: 1 laup smør og 3 l salt, kjøpt 1690. I buet etter Per er millom eigedom i "førstetun og annettun" nemnt 3 mrk. smør i Fuglebærstølen (?), eigedomar i Dalen og Brekke (i Dalen?). Sjå Folkedal 22. Per var lagrettemann i mange år.Død tidlegast 1666.
11.
woman Marita Larsdatter‏‎ #4355
Født ‎1667 i Hordaland, døde ‎ i Hordaland
Adoptert barn: woman Marita Larsdatter‏‎ #4355


N.N.‎

Gift/Forhold til:

N.N.‎