man Nils Brynjulvson Nes‏‎ #7247‎, sønn av Brynjulv Sjurson Nes og Magdalena Samsonsdatter Lingo‏. PERSONVERNFILTER

Gift/Forhold til:

woman Astrid‏‎ #7248‎ PERSONVERNFILTER

Barn:

1.
man Lars Nilsson Nes‏‎ #4901
Født ‎1638, døde ‎1716 i Hordaland‎, 77 eller 78 år
Med desse to kom ei grein av Losnaætti til Granvin, og fekk talrike etterkomarar i Indre Hardanger og Voss. Lars var leiglending på Nernes, grannegarden til Nes, 1660-1663. Men i 1664 er eigaren, Gullbrand Knutson Bondhus komen attende. I prestemanntalet 1664 er Lars Nes ikkje å finna på Ø. Spildo, nemnde her er berre Elling og Nils med sonen Anbjørn 12 år. Derimot er Lars, med sonen Per 4 år, komen med i manntalet som kapellan Nils Grønning tok opp i 1666. Lars tok over den delen i Ø.Spildo som faren åtte, men vart eigar av alt, og kjøpte i 1690 ein del av N.Spildo, som sonen Per fekk. - Fyrste gong ein møter Lars på Spildo er i ei tingsak 20/10 1666. Byrre Mikkelson Klyve 10 a (fødselsåret på Klyve er truleg feil) er stemna for ikkje å ha møtt, trass i "seneste skrivelse", på "Frambnes" (militærtjeneste?). "Hertil at svare mødte Lars Spilden på drengen sin vegne."
Lars bygde seg bordsag og kjøpte tømmer frå ymse gardar på Voss. Forutan å driva leigeskur for folk, skjer han ikkje lite bord for sal. Største avtakaren er gjestgjevaren på Eide, Mads Rasmusson, som må ha drive handel på Bergen med trelast. Året 1673 har Lars levert heile 3500 bord til gjestgjevaren. "1674 fick Ieg Aff Mass en kiel i betalling for 6 Rdl. som Jørgen Spilde haffuer til leye." - 1.juni same år kjøper Mass 2000 bord, og "Sante Ollaui (olsok) Anamet Mass Aff Sagen 1500 bord". I 1675 hadde Lars mykje leigeskur og Mass fær berre 1900 bord frå sagi det året. - Mads Rasmusson hadde eige sagbruk på Seim og dette sel han i 1676 til Lars for 40 riksdaler. Og frå no av er Mass burte som bordkjøpar frå rekneskapsboki til Lars. (Mass d. 1678.) Lars hadde ser segl for "Øvre Spilden saug". Sagi stod til omlag 1715 då ho vart nedbroti av flaum og ikkje bygd oppatt. Rekneskapsbøkene til Lars er teke vare på, og er i dag å finna hjå eigaren av bnr. 2, Ø.Spildo, som har ei stor samling gamle papir. Namnet til Lars er å finna på feil sida i tingbøkene. I 1674 skuldar han 6 1/2 rd. i skatt, og 1 rd. i "Saugmesterskatt". På vårtinget 17/3 1681 er Lars meld for "overfald og overvold" mot premierløytnant Casper Sprechelsen i hans hus 22/2 samme år. Han krev Lars "tilbørligen straffet". Det kom til forlik. Lars var velstandsmann. Ei tid åtte han mange gardar. Det ser ut som han lånte ut pengar der han kunne få jord att. Sjølv seier han det slik: "at kiøbe sin jord med". Buet etter Lars er oppgjort med 913 rd. netto. (Sonelodd omlag 202 rd., dotterlodd det halve.) Jordeigedomane hans då er heile Øvre Spildo og ein del av N.Spildo, noko av Norheim i Kvam, N.Fenne og Kinne på Voss. I buet er millom mykje anna eit "sølvbeslagent horn" (Velkenhornet) og ei staseleg brurekruna. I skiftet er det 7 born som arvar: Nils, Per, Magdeli (Madli), Marita, Kristi d.e., Guro, Kristi d.y. Ingebjørg krev ikkje noko av buet, berre det mest turvande til livs opphald i naturalia. Lars var lagrettemann i mange år.


N.N.‎

Gift/Forhold til:

N.N.‎